Evje ungdomsskule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. juni 2015 kl. 09:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av skulen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Evje ungdomsskule 110615.JPG
Evje ungdomsskule ein stille junikveld i 2015.

Evje ungdomsskule er ungdomsskule for heile Evje og Hornnes kommune. Skulen ligg på Sindremoen, om lag ein km nord for Evje sentrum, på same staden som Evje barneskule. Skulen har 136 elevar frå 8. - 10. trinn. Det er rundt 20 tilsette ved skulen. Rektor og leiar for skulen for tida (2015) er Kjell Hansen.

Byggearbeida på dagens skulebygningar starta i desember 1962. Hovudbygget, klasserom og rom for administrasjonen, var ferdig til bruk i oktober 1963. Andre byggesteget, spesialromsfløyen og tannklinikken, kunne takast i bruk til skulestarten hausten 1964. Til sist kom gymnastikkbygget og symjehallen, som ungdomsskulen brukar saman med barneskulen. Symjehallen var klart til bruk først utpå nyåret 1966.

Det er planar om ein ny fleirbrukshall ved skulane. Hallen skal erstatte den gamle gymnastikksalen, som ikkje lenger tilfredsstiller krava til slike bygg i dag.

Tilsette

Kjelder

Ekstern lenke