Otrahallen AS
Otrahallen AS er eit aksjeselskap med føremål å eige og drive Otrahallen i Hornnes. Hallen stod ferdig i 1985.
Otra IL er største aksjonær i selskapet med 60 % av aksjekapitalen. Evje og Hornnes kommune har 12,5 % eigarandel. Resten av aksjane er spreidde på ei lang rekkje mindre lokale lag og foreiningar og Bygland kommune.
Otrahallen AS vart skipa 7. oktober 1982. Første styreformannen var Einar Uleberg. Sigbjørn Kjetså var nestformann og Arne Daasvatn sekretær. Elles i styret sat Knut Aadal, Odd Harald Robstad og Wiggo Hanasand. Frå 1985 til i dag (2014) har Odd Harald Robstad vore styreleiar.
Kjelde
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 57