Otrahallen AS

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Otrahallen AS er eit aksjeselskap med føremål å eige og drive Otrahallen i Hornnes. Hallen stod ferdig i 1985.

Otra IL er største aksjonær i selskapet med 60 % av aksjekapitalen. Evje og Hornnes kommune har 12,5 % eigarandel. Resten av aksjane er spreidde på ei lang rekkje mindre lokale lag og foreiningar og Bygland kommune.

Otrahallen AS vart skipa 7. oktober 1982. Første styreformannen var Einar Uleberg. Sigbjørn Kjetså var nestformann og Arne Daasvatn sekretær. Elles i styret sat Knut Aadal, Odd Harald Robstad og Wiggo Magnus Hanasand. Frå 1985 til i dag (2014) har Odd Harald Robstad vore styreleiar.

Kjelde