Innistog (Longerak)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. juli 2013 kl. 23:25 av Siri J (diskusjon | bidrag) (littmer)
Hopp til navigering Hopp til søk

Innistog er ein gard i Bygland kommune (gnr. 54/1). Den ligg nede ved Byglandsfjorden midt i bygda Longerak. I gards- og ættesoge for Bygland skriv Reidar Bolling at truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar[1]. Garden hadde ei kvern øvst i Longerakselva, og to støylar – ein på Tveitå og ein i Lia.

Dei eldste kjende eigarane er Svenke Langerak som åtte garden i 1612, og sonen Olav Svenkeson i 1624. Garden har truleg hatt odelskrav, noko som blei tydeleg etter at Sigrid, dotter til Olav Gjermundson som åtte garden i 1723, vigde med Torgeir Olavson Fennefoss (no i Evje og Hornnes kommune). Torgeir Olavson avtala i 1735 eit odelsbyte mellom Fennefoss og Longerak med Olav Gunnarson Langerak, Olav Gunnulvson Langerak og Børulv Torkjelson Fennefoss.

Frå Innistog emigrerte Eivind Olavson (fødd 24. september 1864[2]) til Amerika 25. juli 1892[3], og Åsulv T. Langerak (fødd 6. oktober 1884[4]) i april 1903[5]. Fleire lærarar kjem og herfrå, Gunstein T. Langerak (fødd 22. januar 1891[6]) var rektor ved Hornnes Landsgymnas og broren Olav T. Langerak (fødd 21. oktober 1874[7]) var lærar på Bygland 1895–1941, han var utdanna ved Ullmans seminarium i Seljord. Mannen til Mari Olavsdotter Longerak (fødd 3. juni 1899[8]) var landbruksskulestyrar Olav Tverdal frå Rennebu (fødd 1898[9]).

Av Innistogætt er óg to av Bygland sine ordførarar i nyare tid, Magnhild Rygg og sonen Leiv.

Kjelder