Moi (Evje og Hornnes gnr. 24)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. februar 2023 kl. 14:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moisund med Skrivargarden (bnr. 1 på Moi-garden) til venstre.
Skrivargarden 14. februar 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Gravfeltet på Moi.
Foto: Geir Daasvatn

Moi er ein gardMoisund, på vestsida av Otra, sør i Evje og Hornnes kommune. Mot nord grensar garden til Hannås, og i sør til Vestre Hodne. Namnet kjem frå gamalnorsk, mor, og tyder «på moen». Det er ein typisk «firkantgard», med lite hei. Garden er etter alt å døme ein av dei aller eldste i kommunen, mest sannsynleg frå romersk jernalder (før år 400 e.Kr.). På garden er det eit gravfelt med 26 gravhaugar. Truleg er desse frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.).

Bonden på Hornnes-garden , Salve Kjetilson Hornnes, eigde Moi først på 1600-talet.

Kjelder