Hopp til innhald

Kattefossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. oktober 2021 kl. 10:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng)
Kattefossen.

Kattefossen er ein foss i Yksenåna (Yksenskorbekken), rett ved heiegarden Yksenskor, der elva kastar seg ned i Sydalen, langt nord i Dåsvannsdalen i Evje og Hornnes. Fossen har eit samla fall på omlag 100 meter, og er eit flott syn ved stor vassføring. Fram til Yksenskorvegen vart bygd på slutten av 1970-talet, gjekk ein opp det stupbratte Skotet, tett ved Kattefossen, for å kome til Yksenskor.

Kjelder

Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 23

Kart

Laster kart ...