Melejuvet
Melejuvet er ei 5-6 km lang sprekksone i heia på vestsida av Byglandsfjorden ved Lauvdal. Juvet gjeng omlag snorbeint i aust-vest retning, med Skjevraknuten på nordsida og Nånesveten og Røyrfjell på sørsida, og strekk seg frå Mele ved fjorden og inn til Lille Gyvatn.
Eit uvanleg juv
Dei fleste juv har opprivne og variera fjellsider som svingar hit og dit. Melejuvet derimot er så beint i retninga at ein kan sjå dei yste gardane på Lauvdal langt inn i gjennom, om ein fylgjer botnen. Fyrst ved Røyneskleiv svingar juvet seg ein tanke meir mot nord. Omkring den midtre delen av Melejuvet er terrenget på begge sider nokså flatt og myrlendt. Her ser ein mest ikkje sjå juvet før ein kjem ut på kanten. Det er som om grunnen har sukke 70-80 meter ned, og etterlete seg loddrette bergsider. Botnen er frå 10 til 30 meter brei, og svært steinete. Melåni renn gjennom heile juvet, og kan til tider ha stor vassføring. Fleire stadar finst det kulpar gjerne omkransa av loddrette bergveggar, og nokså langt inne er det også eit fossefall. Andre stadar gjeng åna så djupt nede i grunnen at ein korkje kan sjå eller høyre noko, om vassføringa er lita. Å kryssa juvet er ikkje lett, men mogeleg fleire stadar, ma. ved Austmannsvelta.
Tømmerfløyting
Olav Kile kom frå Tovdal, og dreiv med tømmerfløyting. Han hadde vore busett på 9 stadar og tok etternamn etter dette. Kring år 1900 hadde han kjøpt opp skog i Vestre Trældal, Austre Trældal og rundt Lille Gyvatn. Byglandsfjord Dampsag & Høvleri var kjøpar av lasta. Ein ser ennå restane av ein reguleringsdam han sette opp ved utlaupet av Lille Gyvatn. Men lite og inkje av tømmeret kom ut i Byglandsfjorden. «Det var berre fyrstikkor som kom» fortalde Sigurd Bø mang ei gong.
Også Tellef C. Holum hadde kjøpt opp last og seld vidare til Hartmann, for fløyting ut Melejuvet. Dette varde vel og lenge, og Hartmann etterlyste lasta. Då skreiv Tellef ein rapport ma. slik: «Lasten går i strøm og stille vande». Hartmann laut overtake fløytinga sjølv.
Olav Frøyrak har fortald at grunneigaren på Nånes, ville fløyte tømmer gjennom juvet i 1933. Fløytingsdammen var ennå intakt då. Fellesfløytinga sa han kunne få betalt for tømmeret, men trong ikkje bry med å fløyte. Dei meinte dette var heilt fåfengt.
Austmannsvelta
Dette er namnet på den staden der Steebekken frå Kopsåsmyrane støyter seg ut for kanten av juvet. På motsett side, på nordsida renn Bytingsbekken ut over kanten. Dette er ein av stadane ein har bruka for å kryssa over Melejuvet. Namnet har si forklåring i fylgje Olav Frøyrak:
Olav Kile og bestefar til Margit Hamre hogg tømmer ein vinter ved Kopsås.Meininga var å køyre tømmeret over heia til Frøyrak, med hest. Men Olav Kile ville heller støyte lasta ut i juvet, og fløyte dette til Byglandsfjorden. Dei vart ikkje einige. Hogsten vart difor dela, og helfta kom etterkvart fram til Frøyrak. Den andre helfta vart støytt ut i juvet ved Steebekken, men det var berre flis som kom ut til Mele hermde folk i mange år etterpå. Olav Kile var frå Tovdal, som ligg i aust, difor namnet Austmannsvelta.
Strengen
Dette er eit kartnamn på omlag same staden som Austmannsvelta, og det er også knytta til tømmerhogst i same område, men ein del år seinare. Knut Bygland hadde fått opp ein traktor ved Bytingsbekken, teke av det eine dekket, og nytta felgen til vinsje tømmer over juvet på ein 200 meter lang wire som var spent tvert over. Her var juvet 90 meter djupt, så han vinsja seg sjølv over når det trongst, har Birgit Skjevrak Skeie fortald.
Kjelder
- Byglands soge, 1939/1970, Skogbruket, Nils Nersten, side 292,304,310.
- Olav T. Frøyrak.
- Birgit Skjevrak Skeie.