Lisle Gyvatn
(Omdirigert frå Lille Gyvatn)

Foto: Reidar Tveito
Lisle Gyvatn er eit vatn i Bygland vesthei. Det ligg nord for Gyvatn og vest for Melejuvet like ved Hakefjellet og Skeisknuten. Lisle Gyvatn ligg 565 moh.
Det renn inn to større bekkar i Lisle Gyvatn, side om side. Gybekken kjem frå Vestre Trældal og Hukebuåni kjem frå Austre Trældal og Hukebuvatn. Båe bekkane er djupe og vanskelege å koma over i nedre del, men ved Åsdølsvadet stikk det opp høvelege steinar ein kan trø på. Namnet fortel om tidlegare samkvem mellom Setesdal og Åseral. Samla renn vatnet vidare inn i Melejuvet under namnet Meleåni. Til sist endar vatnet ut i Byglandsfjorden etter å ha gjort nytte for seg i turbinane til Melefallet kraftverk.