Kopsås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kopsåsområdet i 2007

Kopsås er ein øydegard under Frøyrak. Det er tydelege merke etter ein gamal gard der, med åkerreiner, aurforer og rydningsrøyser. Opp for garden ligg eit nake berg som kan minne om ein skalle. Det nederlandske ordet «Kopje» tyder liten skalle og er i bruk mange stader i Afrika om slike berg. Men namnet Kopsås finst ikkje i Norske Gaardnavne.

Garden ligg nordvest for Nånesnapen med store myrar i nærleiken. Det er tydelege dyrkingsspor. Ved myrkantane kan ein sjå oppkast, så her har det vore graving etter myrmalm. Det var to langaktige haugar der, flatmarksgraver. Ved slike øydegardar finn ein ofte kveer som har vore gardsheilagdomar. Ei markering av kvea låg opp mot eit berg, og her fann Oddmund Mogstad, Reidar Vollen, Jon K. Nordibø, grunneigaren Olav Frøyrak og ein del andre historieinteresserte ein fallosstein utan tilhogging under ein sogelagstur i 1999. Dei grov opp steinen og fann også det mura festet for steinen der.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...