Steinsfjell

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juni 2018 kl. 07:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsfjell ligg nær Evje sentrum.
Evjemoen skyte- og øvingsfelt sett frå Steinsfjell.
Foto: Geir Daasvatn

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. I vesthallet av fjellet, mot sentrum, ligg Trollbakken hoppanlegg. Mot sør ligg den store skytebanen som var hovudarena under Landsskytterstemna på Evje i 1999 og 2009. På toppen av fjellet har Forsvaret ei varslingsmast for skyteøvingar i Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Toppen er eit populært turmål. Herfrå er det eit vidt utsyn utover heile den svære sletta som utgjer det militære skyte- og øvingsfeltet.

Det skal ha vore bygdeborg på Steinsfjell.[1] Under Fennefossfjellet står ein svær stein. Etter gamal folketru var det rysen i Steinsfjellet som kasta steinen etter gygra i Fennefossfjellet utan å nå fram.[2]

Referansar

Kart

Laster kart...