Bjørgum
Bjørgum er ein gard (gnr. 67) i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Nabogardar i nord og aust er Hovet og Haugen. I sør ligg Straume. I vest skil Otra Bjørgum frå Rysstad. Busetnaden ligg på ei slette nede ved elva. «Bak» (nord-aust for) husa stig Husefjell bratt opp. Aust for dei fire gamle hovudbruka kjem Bjørgåni ned frå heia og renn ut i Otra i Bjørgevje. På sørsida av Bjørgåni og litt for seg sjølv ligg Kåsland, heimen til Hallvard T. Bjørgum.
Fylkesveg 332 tek til frå Riksveg 9 på Nomeland og går over Otra på Skagebrua forbi Hovet og Haugen fram til Bjørgum. Lokalt på Bjørgum heiter vegen Bjørgevegen.
Bjørgum kraftverk ligg på Bjørgum.
Historie
Det stod ei stavkyrkje på Bjørgum til ca 1664. Frå denne stavkyrkja stammar dei kjende Hylestadportalane. Etter stavkyrkja vart det bygd ei langkyrkje, som stod til rundt 1838.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 13-74
- Kart på nettsida til Statens Kartverk