Hovet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. januar 2017 kl. 10:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: fjernet en skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovet er ein gard (gnr. 67) og ei lita grend i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Dei eldste bruka ligg på sletta nede ved elva. Fleire nyare bustader ligg oppover i bakkane i nordre delen av grenda.

Grensene mot nabogarden Haugen er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Bjørgum og Straume er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot Telemark. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg Nomeland.

Frå Riksveg 9 på Nomeland går Fylkesveg 332 over Skagen bru fram til Hovet og Haugen. Lokalt heiter første delen av vegen Skagevegen. Gjennom Hovet og Haugen kallast han Hovetvegen.

Historie

Kjelder