Bjørgulv Eivindsson Uppstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. januar 2017 kl. 11:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Eivind Bjørgulvson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv Eivindsson Uppstad
Født: 1789
Død: 1866 (alder 76–77)

Bjørguv Eivindsson Uppstad (fødd 1789, død 1866) var bonde og kjempekar frå Uppstad i Hylestad i Valle. I 1822 kjøpte han ein svær gard på Brokke (bnr. 6). Rundt 1850, etter at sonen Olav var død i ei drukningsulykke, selde han garden og levde dei siste åra av livet på eit gardsbruk på Gautestad i Evje. Han er gravlagd ved Evje kyrkje. Bjørguv er kanskje den mest kjende av «slåsskjempene» i Setesdal, og er mykje blitt kalla «Setesdalskjempa» etter at han døydde.

Familie

Bjørguv var gift med Sigrid Olsdotter Tveiten (1799-1862). Ho var dotter av eidsvollmannen og bondelensmannen Olav Knutsson Tveiten i Valle, og seiast å ha vore den aller gjevaste jenta på Bjørguv si tid. Bjørguv og Sigrid fekk sju born. Eitt av borna, Olav Bjørgulvson Uppstad (1828-1846), døydde berre 18 år gamal. Dei andre borna var Ingebjørg Bjørguvsdotter Gautestad (1819-1903), Gyro Bjørguvsdotter Skomedal (1823-1915), Eivind Bjørgulvson (1825-1910), Knut Bjørgulvson Uppstad (1831-1895), Svein Bjørgulvson Uppstad (1836-1903) og Tarjei Bjørgulvson Uppstad (1839-1923). Det er ei stor slekt etter dei i Bygland, i Evje, andre stader i landet og i Amerika.

Kjelder