Kotedekkan

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. oktober 2016 kl. 16:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten endring i bildetekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedlagt campingplass. Røysfeltet ligg i området til venstre for hyttene.
Strandlinja ved Kotedekkan. I området her ligg åsrøysa. Bak skimtar ein Storstraumen.
Foto: Geir Daasvatn

Kotedekkan er ein stad på Skomedal i Bygland, mellom Storstraumen og Stigemo på vestsida av Byglandsfjorden. Tidlegare var det ein campingplass med campinghytter her. Endå mykje tidlegare må området ha vore ein del av den gamle garden Straumsland, og etter det støylsområde under Nordre Skomedal.

Fornminne

Ca. 160 meter sør for Riksveg 9, ved ei vik 10 meter frå fjorden, ligg det ei gravrøys, ei såkalla åsrøys. Røysa er datert til jernalderen (før år 1050 e.Kr.). Men etter at gravrøysa på Nånesodden litt lenger sør i fjorden er blitt tidfesta til yngre bronsealder (770-500 f.Kr.), er det vel mogeleg at fleire av dei andre gravrøysene rundt Byglandsfjorden også er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Litt lenger nord enn gravrøysa, midt i campingplassen, er det registrert eit felt med minst ni rydningsrøyser. Dateringa er uviss.

Kjelder

Kart

Laster kart ...