Høgetveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2015 kl. 08:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Kjebekk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgetveit er ein gard (gnr. 44) i Evje og Hornnes. Garden ligg på heia aust for Evje sentrum, langs Fylkesveg 292 som går frå Galteland mot Iveland. Mellom nabogardane er Rosseland i nord-vest, Kjebekk i nord-aust og Lauvland i sør-vest.

På første halvdel av 1900-talet var det svær gruvedrift etter feltspat på Høgetveit. I dag driv eigarane Sjur Høgetveit og Wenche Rundsag Høgetveit stort innan fruktproduksjon, særleg med morellar.

Historie

Garden er i bruk i 1601, og svarer då både leidang og tidend. Men namnet tyder på at han ikkje er eldre enn frå omlag 1200. Rundt den tida gjekk «hå» over til «høg». Truleg har garden gått ut frå Åmland, som i si tid igjen kanskje er gått ut frå den eldre og meir sentrale garden Rosseland.

Kjelder

Kart

Laster kart ...