Hopp til innhald

Setesdalskonferansen 2010

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mars 2010 kl. 01:40 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kat)

Setesdalskonferansen 2010 er ei samling for eigarar/daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og off. tiltaksapparat. Arrangementet blir finansiert av Setesdal regionråd. Det er fri deltaking! Servering og overnatting inkludert.

Program Setesdalskonferansen 2010

Stad
Sølvgarden Hotell og Feriesenter
  • Tema: Årets konferanse har som tema sal og lønsemd – og nye måtar å auke salet på. Det vere seg gjennom nye digitale kanalar – som Doffin, sosiale media og det ein har makt over gjennom å bruke seg sjølv og omgjevnadene til å bringe verksemda opp og fram!
Torsdag 15. april
  • 14.30 Kaffi og rundstykker
  • 15.00 Velkommen til konferanse – programkomiteen Opning ved styreleiar Bjørn Ropstad. Programvert Erik Dale. Presentasjon – mjuk oppvarming av møtelyden.
  • 16.30 Føredrag med tema: SAL. Dag Thomassen direktør marked og kommunikasjon ABCenter
  • 18.00 Kulturløype med Quiz, kulturelle innslag og forfriskningar
  • 20.00 Middag. Kjøgemeister Bjørgulv Sverdrup Lund. Stortingsrepresentant Svein Harberg står for utdeling av den første «Setesdalsprisen»
Fredag 16. april
  • 09.00 Open post – ymse orienteringar
  • 10.00 Parallelle verkstader – deltakarane vel 2 verkstadar à 1,5 time
  • 13.00 Lunsj og vel heim

Setesdalsprisen

Setesdalsprisen skal delast ut for første gong! Den kan gå til ei verksemd/eigar/dagleg leiar som har utmerka seg på særleg vis. Det kan vere lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Ein eigen jury vel på førehand ut prisvinnar. Offentleggjering og utdeling finn stad på Setesdalskonferansen. Har du forslag til kandidatar som fortener å få utmerkinga – sjå utlysing og endelege kriteria i næraste framtid.

Programkomitè:

Påmelding:

  • ingunn.kile@setesdal.no, eller tlf 94 52 13 54. frist: 7. april 2010