Høgetveit
Høgetveit er ein gard (gnr. 44) i Evje og Hornnes. Garden ligg på heia aust for Evje sentrum, langs Fylkesveg 292 som går frå Galteland mot Iveland. Mellom nabogardane er Rosseland i nord-vest, Kjebekk i nord-aust og Lauvland i sør-vest.
På første halvdel av 1900-talet var det svær gruvedrift etter feltspat på Høgetveit. I dag driv eigarane Sjur Høgetveit og Wenche Rundsag Høgetveit stort innan fruktproduksjon, særleg med morellar.
Historie
Garden er i bruk i 1601, og svarer då både leidang og tidend. Men namnet tyder på at han ikkje er eldre enn frå omlag 1200. Rundt den tida gjekk «hå» over til «høg». Truleg har garden gått ut frå Åmland, som igjen i si tid igjen kanskje er gått ut frå den eldre og meir sentrale garden Rosseland.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 34
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 65