Vikstøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. november 2015 kl. 12:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Vikstøl)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikstøl er ein fråflytta heiegard (gnr. 67) ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes. I dag er bygningane på garden nytta til fritidsbustader. Vikstølvegen går frå Gautestadvegen ved Prestøygardsvatnet og inn til garden.

Gardsnamn som endar på -støl, meiner ein ikkje er eldre enn frå kristen mellomalder, frå 1100- til 1200-talet.[1] [2] Vikstøl er såleis mellom dei yngre gardane i kommunen. Han har gått ut frå Kleveland i si tid.[3]

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdesogenemd, 1990, side 65
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33
  3. Gardsnamn i Evje, side 36