Hopp til innhald

Vetrhusvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2015 kl. 09:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Vetrhusvatnet.

Vetrhusvatnet er eit vatn på heia (469 moh.) mellom Byglandsfjorden og Dåsvannsdalen heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Vatnet er omlag 0,8 kvm2 stort. Ut frå vatnet og inn i Skjerka renn Krokebekken. Vetrhusvatnet er såleis ein del av Skjerka-vassdraget. Ved vestbreidda av vatnet ligg den nedlagte heiegarden Vetrhus. Det går skogsbilveg fram til garden og vatnet.

Det var godt aurefiske i Vetrhusvatnet i eldre tider. Vetrhusvatnet ligg på sida av Skjerka, og det renn ein stor bekk frå vatnet og ut i elva. Der drog dei not før, og kunne få opp til 30 kilo i kastet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...