Vetrhusvatnet
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Vetrhusvatnet er eit vatn på heia (469 moh.) mellom Byglandsfjorden og Dåsvannsdalen heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Vatnet er omlag 0,8 kvm2 stort. Ut frå vatnet og inn i Skjerka renn Krokebekken. Vetrhusvatnet er såleis ein del av Skjerka-vassdraget. Ved vestbreidda av vatnet ligg den nedlagte heiegarden Vetrhus. Det går skogsbilveg fram til garden og vatnet.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 24