Hopp til innhald

Krossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juni 2015 kl. 09:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny og forhåpentligvis siste forsøk på retting vegnavn)

Krossen er eit tettbygd strok på Birkeland i Evje og Hornnes kommune, rett over Otra for Evje sentrum. Busetnaden her vaks fram utover på 1900-talet. Det skuldast mykje den store verksemda ved Evje nikkelverk i denne tida. Fram til 1960 høyrde Krossen til Hornnes.

Ein kjem til Krossen frå Evje ved å følge Fennefossvegen over Birkelandsbrua. Frå Hornnes må ein ta av frå Riksveg 9 før Fennefossbrua, og følge Fennefossvegen forbi garden Fennefoss til Krossen. Frå Krossen til Senum vest for Byglandsfjord går Senumsvegen. Dette var ein del av hovudvegen gjennom Setesdal i eldre tider.

Mange av bustadane i Krossen ligg langs Alfred Skaiås veg. Rett nord for Krossen ligg dei nyare bustadfelta Bakkemoen og Bakken.