Birkelandsbrua

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Birkelandsbrua i 2015.

Birkelandsbrua er brua over OtraFylkesveg 303 mellom Birkeland (Krossen) på vestsida og Evje tettstad på austida i Evje og Hornnes kommune. På folkemunne kallast ho gjerne «Gullestadbrua», etter forretninga Brødrene Gullestad som blei starta opp ved brua (på Evjesida) i 1895. Dagens bru vart teken i bruk i 1944. Ho er 39 m lang. Før 1944 hadde det vore to andre bruer på same staden, bygd i 1877 og 1895.

Den første Birkelandsbrua[rediger]

Den første Birkelandsbrua

Den første brua over Otra på denne staden blei bygd i 1877. Dette var før Evje tettstad tok til å vakse fram. Brua var ei trebru.

Setesdalsvegen gjekk på denne tida på vestsida av Otra gjennom Hornnes opp til GullsmedmoenSenum. Her var det ferje over til austsida. Folk frå Evje måtte ferje over Otra ved Gullsmedmoen eller ved Faret for å kome inn på hovudvegen. Evje herad og Hornnes-Iveland herad gjekk saman om å spleise på brua, med stønad også frå Nedenes amt og Evje nikkelverk. Folk på Evje ville helst ha brua ved Fennefoss. Men ekspertane meinte det var best å bygge ved Birkeland.

Då brua kom i 1877, vart ferjestaden ved Faret lagd ned. Evje herad pressa i åra som følgde hardt på for å legge om hovudvegen gjennom dalen, slik at han kom på austsida av Otra mellom Evje og Vassend. I 1889 låg vegen på austsida ferdig.

Den andre Birkelandsbrua[rediger]

I 1879 var Birkelandsbrua blitt skadd då mykje tømmer pressa på brua i ein stor vårflaum. Ein freista å reparere skadene. Men i 1894 fann amtsingeniøren at ein måtte gå til ombygging. I 1895 blei ho så bygd om til jernbru. Det største spennet var 27 m langt.

Den tredje Birkelandsbrua[rediger]

I 1941 starta planlegginga av ei tredje Birkelandsbru. Dette heldt fram utover i 1942. Waldemar Øvrevik vart engasjert til å leie tømmerarbeidet.

Arbeidet starta frå vestsida. Først vart det ført opp brukar for ei mindre bru over til øya som ligg midt i Otra her. Stein til arbeidet kom frå Fennefossfjellet. Vegvesenet fullførde arbeidet med berebjelkar og sjølve brudekket.

Så tok ein til med arbeidet med sjølve brua. Først måtte brufundament støypast. Så murte ein brukara opp. Då desse var mest ferdige, tok ein til på sjølve brukonstruksjonen. Det var ein stålkonstruksjon. Metoden som blei vald, var å klinke brua saman på land og deretter trekke henne over elva på ein flåte.

Då brua var ferdig montert på land, brukara på plass og flåten klar, kunne det spanande arbeidet med å føre brua over Otra ta til.

15. september 1943 starta hovudtrekket. Mange bygdefolk var samla på den gamle brua for å følge den svære og vanskelege operasjonen. Tyske offiserar og soldatar var også tilstades. 70 minutt tok det å trekke brua, med ei spennvidde på 39 m og ei vekt på 45 tonn, over elva. Den nye Birkelandsbrua var på plass. Støypinga av sjølve brudekket var det Vegvesenet side eigne folk som tok seg av.

17. juni 1944 blei brua opna for vanleg trafikk. Setesdalsvegen hadde fått ei ny og høveleg bru i trafikknutepunktet Evje.

I 2009 blei Fennefossbrua på Riksvei 9 bygd om. Då var det omkøyring om Fennefoss. I samband med dette blei fortauet på eine sida av Birkelandsbrua utvida, og brua blei einvegskøyrd. Fotfolket fekk ein mykje tryggare gangveg.

Kjelder[rediger]