Fennefossbrua
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fennefossbrua er ei 140 meter lang vegbru (plateberarbru) over Otra på Riksvei 9 mellom Hornnes og Evje sør for Fennefoss-gardane. Brua blei opna i 1966, og var ein del av kompensasjonsvegen som kom etter at Setesdalsbanen var lagt ned i 1962. I 2009 vart det gjort eit omfattande utbetringsarbeid på brua.
På nordsida av brua, heilt inntil denne, blei det i 1992 bygd ei 146 meter lang gang- og sykkelbru. Desse to bruene er dei lengste på Rv-9.
Kvar vår pyntar Blomsterstiftelsen brua opp med blomster.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, side 72–73