Fennefossvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fennefossvegen gjennom gardane på Fennefoss.

Fennefossvegen er ein veg (Fylkesveg 303) mellom Evje og Hornnes på vestsida av Otra i Evje og Hornnes kommune. Han tek til i krysset med Riksveg 9 (Setesdalsvegen) ved Hotel Dølen og Birkelandsbrua (Gullestadbrua). Etter Gullestadbrua går han gjennom Krossen, forbi Mølla ved Fennefossen, Evje og Hornnes museum, Fennefoss og gardane på Fennefoss, før han munnar ut igjen i Rv-9 ved Fennefossbrua. Før kompensasjonsvegen etter nedlegginga av Setesdalsbanen kom til Hornnes og Evje i 1965/1966, var dette vegstykket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal.

I 2009 blei Fennefossbrua på Rv-9 bygd om. Då var det omkøyring om Fennefoss. I samband med dette blei vegen utvida i breidda mange stader.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...