Alfred Skaiås veg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alfred Skaiås veg er ein veg i Krossen i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Senumsvegen i vest og går nokre hundre meter austover i retning av Otra og Evje sentrum. På begge sider av vegen ligg det bustader.
På folkemunne har vegen mykje vore kalla «Kyllinggata».
Alfred Skaiås veg er kalla opp etter Alfred Skaiå. Han vaks opp her, men var motstandsmann under 2. verdskrigen og døydde i tysk krigsfangenskap.

Krossen med Alfred Skaiås veg midt i biletet.
Foto: Geir Daasvatn
Kjelder
- Arild Skaiå og Anders Skaiå, Alfred Skaiå - fange nr. 61109, privat utrykt hefte, 2013, med vidare tilvisingar til kjelder