Vetrhus
Vetrhus er ein nedlagt heiegard (gnr. 13) nord-vest i Evje og Hornnes, på vestsida av Vetrhusvatnet på heia mellom Byglandsfjord og Dåsvannsdalen. Han er nabogard til Yksenskor. Garden høyrde mest truleg til Moseid i eldre tider, men vart skild frå denne eingong på andre halvdel av 1500-talet. Namnet er då sjølvforklarande; han var ein stad der ein kunne overvintre med dyra så ein slapp å køyra foret til Moseid.
Det var same slekta som sat med Vetrhus i fleire hundre år. Men tobakksfabrikanten A. Asbjørnsen i Kristiansand kjøpte garden i 1934. Frå den tid er det han og borna hans som har eigd eigedomen.
Garden var utan køyreveg heilt fram til sist på 1970-talet, då skogsbilvegen frå Håvestøl i Åseral til Yksenskor vart bygd. Då vart det og laga ein arm til Vetrhus.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 306-316
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, Arnstein 2006, s. 32
- Tilla Valstad, Tora Vetrhus - ei heigardskjærring, Arnstein 2003, s. 16-20