Hopp til innhald

Vetrhus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mai 2015 kl. 13:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om navnet)

Vetrhus er ein nedlagt heiegard (gnr. 13) nord-vest i Evje og Hornnes, på vestsida av Vetrhusvatnet på heia mellom Byglandsfjord og Dåsvannsdalen. Han er nabogard til Yksenskor. Garden høyrde mest truleg til Moseid i eldre tider, men vart skild frå denne eingong på andre halvdel av 1500-talet. Namnet er då sjølvforklarande; han var ein stad der ein kunne overvintre med dyra så ein slapp å køyra foret til Moseid.

Tobakksfabrikanten A. Asbjørnsen i Kristiansand kjøpte Vetrhus i 1934. Frå den tid er det han og borna hans som har eigd garden.

Garden var utan køyreveg heilt fram til sist på 1970-talet, då skogsbilvegen frå Håvestøl i Åseral til Yksenskor vart bygd. Då vart det og laga ein arm til Vetrhus.

Kjelder