Jørgen Løvland
| Jørgen Løvland | ||
|---|---|---|
| Fil:Jørgen Løvland.jpg | ||
| Født: | 3. februar 1848 | |
| Død: | 21. august 1922 (74 år) | |
Jørgen Gunnarsson Løvland (fødd 3. februar 1848 i Evje, død 21. august 1922 i Kristiania) var skulemann, pressemann og rikspolitikar (Venstre). Han var Noregs første utanriksminister etter unionsoppløysinga i 1905.
Jørgen Løvland var ein av dei framste politikarane i Noreg i nærare 35 år. Han arbeidde for norsk politisk og kulturelt sjølvstende. Han var særleg oppteken av norskdom og målsak. Løvland var sentral under unionsoppløysinga i 1905, som Norges siste statsminister i Stockholm, og som den aller første norske utanriksminister 1905–1908. Han var statsminister 1907–1908. Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Barndomen i Evje
Jørgen Løvland vart fødd på bruket «Dernede» på garden Lauvland i det som då var Evje kommune. Foreldra var Gunnar Olson Løvland og Siri Eilevsdotter Løvland (fødd Aaneland). Garden hadde lide same vanlagnad som så mange norske gardar, å få namnet vrengt på av dansk-norske embetsmenn.[1] Difor kom Jørgen til å bere etternamnet Løvland.
Ein kan undre seg over at eit bondesøn frå ein heller fattigsleg liten gard i «dalstroka innanfor» kunne nå så langt i livet som Jørgen Løvland til slutt gjorde. Men Olav Arne Kleveland, den kanskje største Løvland-kjennaren, meinte at Løvland hadde svært gode føresetnader for å bli ein einar i norsk politikk. Han var fødd inn i ei slekt der gåvene var rike både på mors- og farssida. På lærarskulen fekk han beste karakter i «evner». Han hadde eit utruleg godt minne, og skal ha vore nærast eit språkgeni.[2] Mora var av haugianarslekt, folk som var kjende for å vere svært strevsame og plikttrugne. Onkelen hennar, Notto Jørgensen Tvedt, var stortingsmann og ein framståande mann i bygda. Den berømte matematikaren Nils Henrik Aabel var tremenning med bestemor hans, Anne Gunnarsdotter Faret[3]. Lauvland-garden var på den tida han vaks opp eit politisk kraftsenter. Odelsguten Notto Olson Løvland, som seinare vart onkel til Jørgen, byrja å engasjere seg i politisk arbeid, der han samarbeidde nært med nemde Notto J. Tvedt. Notto O. Løvland møtte på Stortinget i perioden 1845-1847. Broren Gunnar, far til Jørgen, blei ein naturleg del av fellesskapet. I motsetnad til fleirtalet av dåtidas embetsmenn tenkte dei tankar i pakt med den nye tida.[4]
Jørgen Løvland gjekk frå 1854 almugeskulen i Evje. Vinteren 1861 var han ferdig med dei obligatoriske sju åra på omgangsskulen. Med unnatak for song og «næmme», hadde han einarar i alle fag. Han gjekk friviljug eit åttande år, og greidde då å forbetre karakterane i evner og song også, slik at han gjekk ut av skulen med bare einarar på vitnemålet.[5] I 14-15 årsalderen kom han over orda «Les og vex» i bladet «Dølen». Dei skar han inn i løeveggen heime. Orda blei som eit livsmotto for han.[6]
Læraren
I 1863 gjekk Jørgen Løvland på lærarlærlingskulen til Hans Faret i Hornnes. Hausten 1863 var han huslærar hos familien Moseid nord i Hornnes. Hausten 1864 greidde han opptaksprøva til Holt seminar med glans, og vart flytta rett opp i avgangsklassen.[7] Sommaren 1865, 17 år gamal, var han ferdig med lærarutdanninga si med den samla vurderinga «Meget duelig».
Den første lærarposten etter fullførd lærarutdanning var som huslærar hos lensmann Ole Sundsdahl i Valle. Her budde Jørgen Løvland hos presten Peter Blom, som også underviste han i fleire språk. Løvland fann seg ikkje særleg godt til rette i Valle.[8] Vinteren 1866 hadde han et vikariat som underlærar ved Pigeskolen i Kristiansand. Hausten 1866 fekk han fast tilsetjing som underlærar ved allmugeskulen i byen. Her blei han verande i ti år.
Hausten 1876 oppretta Nedenes amt ein amtskule for dei indre bygder. Jørgen Løvland fekk permisjon fra allmugeskulen i eitt år, og blei tilsett som amtskulestyrar. Dei første åra flytta skulen rundt omkring i dei indre bygdene. Første året var han i Bygland. Den seinare så vidgjetne spelemannen Knut J. Heddi var mellom elevane. Løvland var innlosjert hos presten i Bygland, Ole Ulsteen. I Bygland likte Løvland seg godt.[9]
Etter kurset i Bygland vinteren 1876/1877 fekk han eit stipend for å dra på studiereise til Dresden. Han skulle studere folke- og framhaldskulen i Tyskland. Vel tilbake frå Tyskland gjekk han tilbake til stillinga som lærar i allmugeskulen i Kristiansand.
Styrarstillinga ved amtskulen blei ledig att alt neste år, og Løvland søkte seg tilbake dit. Amtskulen var no i Herefoss. Året etter flytta han til Åmli. I Åmli var både Torgeir Drengson Bjørnaraa og Torgeir Berulvson mellom elevane. Skulen var så i Bygland 1880-1881, i Valle 1881-1882, i Hornnes 1882-1883 og på Tveit i Vegusdal 1883-1884.
Torgeir Berulvson, som sjølv seinare vart ein vidkjend lærar og styrar av amtskulen, har sagt desse orda om Jørgen Løvland som lærar:
Han sat inne med uhorveleg mykje kunnskap, og han hadde ein utifrå klår, visshøv og truverdig måte å bera han fram på. God til å læra ifrå seg var han, og for meg var skuletimane hans reine feststunder. Sogetimane minnest eg best; det kosta ingenting å fortelja uppatt leksa når han hadde fortalt ho dagen fyreåt.<ref>Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 115
Referansar
- ↑ Olav Arne Kleveland, Norskdomsmannen Jørgen Løvland, artikkel i Jol i Setesdal, 2006, s. 38
- ↑ Olav Arne Kleveland, Jørgen Løvland - Ein statsmann, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81/2005, s. 51-52
- ↑ Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 11-16
- ↑ Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 52-53
- ↑ Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005, s. 42
- ↑ Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 40
- ↑ Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 53
- ↑ Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 70
- ↑ Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, s. 101
Kjelder
- Om Jørgen Løvland på norsk Wikipedia, besøkt 23. januar 2015
- Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005
- Olav Arne Kleveland, Norskdomsmannen Jørgen Løvland, artikkel i Jol i Setesdal, 2006
- Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, Evje og Hornnes Sogelag, 2013