Setesdal Bilruter

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2015 kl. 12:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: lenkefiks på Setesdølen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal Bilruter er eit rutebilselskap i Setesdal. Selskapet har hovudkontor på Evjemoen. Dagleg leiar er Terje Greibesland, nestleiar er Alf Reidar Birkeland, personalsjef er Ingrid Eieland Flåt og trafikksjef er Thorleif Johanssen

Historie

Selskapet vart etablert 12. januar 1920 for å frakte folk og gods frå Ose og oppover i Setesdal. På den tida reiste folk med tog frå Kristiansand til Byglandsfjord og vidare med båt til Ose. Gunnar Rysstad var første styreleiar i selskapet, som då heitte L/L Setesdal Automobilruter. I 1920 hadde selskapet fire kjøretøy. Den første tida gjekk ikkje vegen lenger enn til Berdalsbru. I 1923 var halvtunnelen i Fånefjell ferdig, og etter kvart køyrde Setesdal Bilruter frå Byglandsfjord til Hovden.

I 1952 fekk selskapet hovudkontor på Byglandsfjord med verkstad, administrasjon og plass for overnatting for sjåførane. Ti år seinare vart Setesdalsbanen lagt ned, då fekk selskapet konsesjon på trafikk mellom Evje og Kristiansand. Sidan har selskapet kjøpt opp mindre ruteselskap i Indre Agder. I perioden mellom 1969 og 1974 overtok selskapet Arendalsruta og bygderuter i Froland. Frå 2004 til 2008 dobla selskapet verksemda, mellom anna ved å kjøpe opp Birkeland Busser i 2007.

I 2003 flytta Setesdal Bilruter til Evjemoen. Bygget på Byglandsfjord var blitt for lite, og selskapet overtok verkstadbygg og administrasjonsbygg etter Forsvaret. I 2013 var selskapet nest største rutebilselskapet i Aust-Agder, med 100 kjøretøy og om lag like mange tilsette. I tillegg hadde selskapet 15 undertransportørar. I 2012 var omsetninga 112 millionar kroner.

Sterk ekspansjon

I januar 2014 vann Setesdal Bilruter konkurransen om rutebilkjøring i vestre del av Aust-Agder med eit anbod på 780 millionar kroner i sju år frå 2015. I dette inngår busskjøringa i Arendal, Grimstad, Lillesand, Birkenes og Froland. Selskapet eig og halvparten av det nyoppretta selskapet Agder Buss, som får busskjøringa for same periode i austre del av fylket: Risør, Tvedestrand, Gjerstad, Vegårshei og Åmli. Med dette vil talet på tilsette auke frå 110 til opp mot 250. I 2014 kjøpte selskapet òg inn 96 nye bussar, til ein kostnad av 150 millionar, for å oppfylle dei nye kontraktane. Samstundes har selskapet seld seg ut av tur- og ekspress-selskapa Birkeland Busser AS og Sørvest-ekspressen i Stavanger. Kjøpar er Voreal Travel AS. Dagleg leiar i Setesdal Bilruter, Terje Greibesland, forklarer til Setesdølen at dei som eit lite rutebilselskap ikkje har nok ressursar til å utvikle tur- og ekspressbiten.

Aksjonærar

Dei største aksjonærane i selskapet er i januar 2014:

Setesdalsprisen 2014

Saman med direktør Terje Greibesland fekk selskapet Setesdalsprisen for 2014. I grunngjevinga skreiv juryen:

Prisvinnaren er oppfatta som traust og solid. Verksemda har tilpassa seg omverda og marknaden i det stille. Stødig drift, langsam vekst og utviding har kjennemerkt drifta i ei årrekkje. Vinnaren er ei sterk merkevare og profilerer Setesdal dagleg i store delar av landsdelen, sjølv om det har vore tendensar til kontroversar kring målform dei siste åra, - er rota sterk og god i distriktet. Verksemda har verka til beste for heile Setesdal sidan ho vart etablert. Sidan slutten på 60-talet har verksemda lagt små og større konkurrentar og marknader under seg.
I høve statuttane til Setesdalsprisen skal mottakaren ha utmerka seg på en særleg forteneste full måte anten over tid eller siste året. Årets prisvinnar «Er en veldrevet bedrift med god ledelse» har forslagsstiller sagt – og det er ein kvinneleg tidlegare styreleiar som kjenner verksemda meir enn godt! I harde fakta og 2012-tal var omsetnaden då på drøye 77 mill i hovudselskapet og ein eigekapitaldel på 70 %, medan dotterselskapet hadde ein omsetnad på ca 35 mil. Når verksemda gir arbeid til 120 tilsette under felles leiing demrar det nok for det fleste at vi snakkar om ei hjørnesteinsverksemd i regionen.
Årets prisvinnar overraska både seg sjølv og omverda i tidleg i 2014. Leiinga av selskapet utviste då imponerande mot og risikovilje for å kunne vidareføre ein sentral og ønskja posisjon i sin bransje framover.
Verksemda har komplettert og skapt tilbod i takt med tilgjengeleg infrastruktur – på veg – frå båt og bane. Verksemda er med eitt blitt «kjempestor» i landsdelsmålestokk og administrerande direktør tok i lag med styret ein kalkulert risiko - i det å vere eller ikkje vere – og kunne bli enda større framover då dei rekna som mest i vinter. Opplyser ein at verksemda vart etablert i 1920 – og at dei vant anbodet for kollektivtrafikken i Agder er kandidaten avslørt.
Setesdalsprisen 2014 går til LL Setesdal Bilruter og administrerande direktør Terje Greibesland.
Juryen har både lagt vekt på tydinga denne verksemda har som arbeidsplass og verdiskapar i regionen – men og lete seg imponere over mot og risikovilje til å satse og vinne det store anbodet i ein bransje som retteleg er konkurranseutsett – og med det og skaffa mye positiv merksemd!

Kjelder