Tveiteåna (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2014 kl. 00:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveiteåna der ho renn nedover forbi Tveitekleiva på veg mot Kjetså.

Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.

I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga.

Kjelde

Ekstern lenke

Fil:Tveiteåna sagbruk - Hornnes 081214.JPG
Sagbruk i Tveiteåna. Nedlagd ca år 2000.