Det Sæthersdalske Kobberværk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. januar 2015 kl. 11:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks på Vandringer i Setesdal Austhei)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Sætherdalske Kobberværk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845-1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Industrieventyret - som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie - enda med dundrande konkurs.

Korleis det starta

Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheia. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.[1]

Ein av dei eventyrarane som prøvde seg på koparutvinning i Straumsheia, var Ole Olsen Sangesand. Han bygde ein smelteovn inne ved Straumsfjorden i 1823, og klarte å utvinne nokre få kilo med kopar. Denne koparen reiste han til Kristiansand for å selje. Han kom der i kontakt med handelshuset Reinhardt og eigaren Gottlob Ferdinand Reinhardt. Reinhardt fekk vite kor koparen kom frå, og sikra seg då rettane til fleire gruver og skjerp inne i Straumsheia.[2]

Fagfolk granska koparførekomstane i Straumsheia i 1825 og 1843. Th. Scheerer, lektor i metallurgi ved Universitetet i Christiania, meinte etter undersøkingane i 1843 at malmen var drivverdig, sjølv om koparinnhaldet var mykje mindre enn ein tidlegare hadde trudd. Særleg malmen i Amalie gruve og Gamle gruve inneheldt mykje feltspat. Denne var lett å smelte, og kunne såleis gje eit godt økonomisk utbytte. Den optimistiske rapporten til Th. Scheerer fekk Reinhardt til å sette i gang med gruvedrift i Straumsheia og smelteverk i Åraksbø.[3]

Avtale med grunneigarane

Ferdinand Seippel skulle vere driftsstyrar for smelteverket. I november 1844 møtte han bøndene i Åraksbø. Dei nødvendige avtalar og kontraktar vart underskrevne. Bøndene skulle levere tømmer og materialar til verket, køyre malm og brenne kol.[4]

Store anlegg blir bygde opp

Inne i Straumsheia, der gruvene var, vart det sett opp hus for gruvearbeidarane. I Åraksbø starta eit stort arbeid med å bygge opp smelteverket. Verket skulle ligge nær elva frå Hovatn, der det var god tilgang på fossekraft til både knuseverk og blåsebelgar. Verket hadde kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg.[5] Alt i alt var det over ti store hus som skulle setjast opp.

100 mann i arbeid

Under sjølve anleggsperioden kan opp mot 100 mann ha hatt arbeidet sitt ved koparverket. Men ved ei folketeljing i 1846 var det 25-30 personar som var direkte tilknytta verket.[6] [7] Mange bønder i Åraksbø hadde arbeid som malm- og kullkjørere.

Hektisk drift - trist slutt

Smeltinga starta i 1846 og var på sitt høgaste i 1847-1848. Då byrja problema alt å melde seg, og produksjonen gjekk sterkt attende. Mellom anna var det vanskeleg å få smelta malmen. Driftskostnadene som den lange transporten av malmen førde med seg, heilt frå Straumsheia ned til Åraksbø (over 25 km), var undervurdert. Skogen i nærleiken av verket blei raskt nedhoggen, og ein måtte lenger avgårde for å brenna kol. Bøndene i Åraksbø hadde ikkje lært seg kolbrenningskunsten, så mykje av kolkvaliteten var dårleg. Det oppstod strid mellom direktør Seippel og styraren av smeltehytta.[8] Det vart mangel på verksarbeidarar og andre fagfolk. Seippel var truleg heller ikkje den beste mannen Reinhardt kunne sendt til Setesdal for å drive gruveanlegg.[9]

I 1850 var drifta av gruvene og smelteverket innstilt, og kom aldri skikkeleg i gang igjen. Driftskapitalen var oppbrukt og mange av luteigarane trekte seg ut av selskapet. I 1860 vart Det Sætherdalske Kobberværk slege konkurs.

I ein artikkel om kobberverket i Åraksbø i Jol i Setesdal frå 1998 skriv Bjarne Nordgarden slik om den triste slutten industrieventyret i Åraksbø og Straumsheia fekk:

- I samband med verket kom det mange framande til bygda. Rallarar og anleggssluskar gjorde det utrygt for både kjerringar og ungjenter, bøndene fekk pengar mellom hendene, og mange klara ikkje å styre desse. Ei ny tid hadde kome til bygda. Bøndene hadde vorte malmkøyrarar og kolbrennarar, alkoholen og andre freistingar låg svært nær, og mange spela frå seg både gard og grunn. Då verket nokre år seinare vart nedlagt, måtte mange av gardane på tvangsauksjon, og vi fekk eit eigarskifte i bygda der nye folk overtok.[10]

Det gamle og stødige bygdesamfunnet hadde gått i oppløysing, både utanfrå og innanfrå, økonomisk, kulturelt og moralsk. Nye folk kom til bygda, og det utvikla seg eit blandingsmiljø utan dei gamle og faste normene. Eit eventyr var slutt, der ingen hadde sett noko til korkje prinsessa eller det halve kongeriket som dei hadde fått lovnad på.[11]

Referanser

  1. Johan Christian Frøstrup m.fl, Vandringer i Setesdal Austhei 2014, Friluftsforlaget, 2014, s. 322
  2. Bjarne Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne, artikkel i Jol i Setesdal, 1998, s. 6
  3. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, s. 7
  4. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, s. 7
  5. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, s. 323
  6. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, s. 8
  7. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, s. 323
  8. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, s. 8-9
  9. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, s. 325
  10. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, s. 7
  11. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, s. 9