Det Sæthersdalske Kobberværk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. januar 2015 kl. 08:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Mer om historien bak verket)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Sætherdalske Kobberværk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845-1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Industrieventyret - som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie - enda med dundrande konkurs.

Korleis det starta

Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheia. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.[1]

Ein av dei eventyrarane som prøvde seg på koparutvinning i Straumsheia, var Ole Olsen Sangesand. Han bygde ein smelteovn inne ved Straumsfjorden i 1823, og klarte å utvinne nokre få kilo med kopar. Denne koparen reiste han til Kristiansand for å selje. Han kom der i kontakt med handelshuset Reinhardt og eigaren Gottlob Ferdinand Reinhardt. Reinhardt fekk vite kor koparen kom frå, og sikra seg då rettane til fleire gruver og skjerp inne i Straumsheia.[2]

Fagfolk granska koparførekomstane i Straumsheia i 1825 og 1843. Th. Scheerer, lektor i metallurgi ved Universitetet i Christiania, meinte etter undersøkingane i 1843 at malmen var drivverdig, sjølv om koparinnhaldet var mykje mindre enn ein tidlegare hadde trudd. Særleg malmen i Amalie gruve og Gamle gruve inneheldt mykje feltspat. Denne var lett å smelte, og kunne såleis gje eit godt økonomisk utbytte. Den optimistiske rapporten til Th. Scheerer fekk Reinhardt til å sette i gang med gruvedrift i Straumsheia og smelteverk i Åraksbø.[3]

Avtale med grunneigarane

Ferdinand Seippel skulle vere driftsstyrar for smelteverket. I november 1844 møtte han bøndene i Åraksbø. Dei nødvendige avtalar og kontraktar vart underskrevne. Bøndene skulle levere tømmer og materialar til verket, køyre malm og brenne kol.[4]

Store anlegg blir bygde opp

Inne i Straumsheia, der gruvene var, vart det sett opp hus for gruvearbeidarane. I Åraksbø starta eit stort arbeid med å bygge opp smelteverket. Verket skulle ligge nær elva frå Hovatn, der det var god tilgang på fossekraft til både knuseverk og blåsebelgar. Verket hadde kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg.<Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, s. 323</ref> Alt i alt var det over ti store hus som skulle setjast opp.

Referanser

  1. Johan Christian Frøstrup m.fl, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, s. 322
  2. Bjarne Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne, artikkel i Jol i Setesdal, 1998, s. 6
  3. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, s. 7
  4. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, s. 7