Hornnes bygdesogenemnd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. november 2014 kl. 11:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Årstall for når Daniel Danielsen flyttet fra bygda + kilde til oppl.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnes bygdesogenemd vart vald av Hornnes kommunestyre i 1924. Nemda fekk i oppdrag å samle inn pengar og historisk tilfang, og syte for å få skrive ei bygdesogebok for Hornnes. Nemda hadde i byrjinga tre medlemer: Olav A. Fennefoss, Notto J. Hornnes og Olav O. Uleberg (formann).

I 1928 døydde Notto J. Hornnes. I staden for han kom rektor ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, med i nemda. Danielsen gjorde et svært arbeid og fikk satt opp eit manuskript om ættene på kvar gard i bygda. Men han flytta frå bygda då han vart pensjonist i 1953, og vart oppteken med å skrive bygdesoge for si eiga heimbygd. I hans stad vart Torgeir Abusdal vald inn i nemda.

Torgeir Abusdal døydde i 1964. Etter dette var det bare to medlemer i nemda. I samråd med den andre, Olav A. Fennefoss, arbeidde då Olav O. Uleberg vidare med boka. Og endeleg - i 1969, 45 år etter at nemda byrja på arbeidet - kunne Hornnes bygdesogenemd gje ut Hornnes I, Gards- og ættesoge.

Kjelder