Fylkesveg 403: Skilnad mellom versjonar
s formatering |
s formatering |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
</ | <references/> | ||
[[Kategori:Fylkesvei]] | [[Kategori:Fylkesvei]] | ||
[[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Veier i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Veier i Iveland]] | [[Kategori:Veier i Iveland]] | ||
Versjonen frå 23. mai 2020 kl. 07:18

Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen) går frå Rv-9 (Setesdalsvegen) ved Vestre Hodne og austover forbi Grosås til kommunesenteret Birketveit i Iveland kommune. Herfra går vegen vidare sørover til Åmdal i Vennesla. Ved Kilefjorden Camping på Hodne går vegen over Otra på Hornesund bru (Ivelandsbrua). Brua og vegen stod ferdig i 1969. Før dette måtte ein ferje over Hornesundet.
Historie
Ein gjennomgangsveg gjennom Iveland, Hodne-Grosås-Iveland-Skaiå-Mykland-fylkesgrensa mot Vest-Agder, var oppe til handsaming i formannskapet i Iveland alt hausten 1838. Med på denne tida var hovudvegen Kristiansand - Setesdal under bygging, og bygdevegen gjennom Iveland måtte vente.[1] Men på seinhausten 1849 skal arbeidet endeleg ha kome i gong, og i løpet av 1850-1851 vart det aller meste av arbeidet utført. På Vennesla-sida gjekk det noko seinare. Men rundt 1860 var også vegstykket frå fylkesgrensa til Åmdal i Vennesla ferdig.[2] Vestbygda i Iveland hadde endeleg fått sin gjennomgangsveg. Saman med Varpevegen gjennom Austbygda, som kom noko seinare, blei gjennomgangsvegen Hodne-Iveland-Åmdal «stamvegen» gjennom Iveland.[3] Dagens Fv-403 følger i store trekk den same veglina.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, s. 57
Referansar
- ↑ Aslak Fjernedal, Iveland III - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1969, side 301-302
- ↑ Iveland III, side 306-307
- ↑ Iveland III, side 310