Hovden: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lagt til Dyregrenda
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt historie henta frå kommunedelplan Hovden
Line 10: Line 10:
== Arrangement ==
== Arrangement ==
Det er mange små og store arrangement på Hovden i løpet av året. Mellom dei største er [[Rekordfestivalen]] og [[Hovden Tour]]. Det store sykkelrittet [[Color Line Setesdal Tour]] har mål på Hovden.
Det er mange små og store arrangement på Hovden i løpet av året. Mellom dei største er [[Rekordfestivalen]] og [[Hovden Tour]]. Det store sykkelrittet [[Color Line Setesdal Tour]] har mål på Hovden.
== Historie ==
=== Turisme ===
Utbetring av vegar var ein føresetnad for at turistane kunne komme fram, etter kvart med stadig meir hurtiggåande motorkøyrety. Turisme skapte etterspurnad om daglegvareartiklar,
overnatting og etter kvart service av ymse slag. Den første krambua på Hovden opna i 1935. Furumo kafé, som har hatt fleire namn gjennom tidene, var ein av dei første serveringsstadene. Den eksisterer framleis.
1911 sette Kristiansand og Oppland Turistforening opp den første Hovdehytta. Det første høgfjellshotellet vart bygd i 1937. Det var stort og imponerande, og hadde bygd eige kraftverk i Otra for elektrisk forsyning. Men alt ni år seinare brann hotellet ned. Samstundes kom fleire gjesteheimar: Bjerkehytta/Soltoppen, Haugly (1954), og Hartvassbu (1950).
Etter 1965 skaut utviklinga på Hovden fart, og konturane av ei storstilt utbygging blei tydelegare. I 1967 opna det nye Hovden Høyfjellshotell. Året etter kom skiheisen. I 1971 kom Triangel Sportell. Hovden Appartementshotell er frå 1979, Badeland opna i 1990, osb.
Dei første private hyttene blei bygd i lia ved Hovdekleiva på slutten av 1950-tallet. Gumpen frå Kristiansand var ein av dei første. I 1970 var det framleis svært få private fritidsbustader.


==Kjelder og eksterne lenker==
==Kjelder og eksterne lenker==
Line 16: Line 27:
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Bykle Artikkelen om Bykle på Wikipedia, besøkt 20. desember 2016]
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Bykle Artikkelen om Bykle på Wikipedia, besøkt 20. desember 2016]
*[[Odd Inge Rønning Uleberg]], ''Nå pøses 332 leiligheter ut i markedet'', artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 31. desember 2016, side 4-5
*[[Odd Inge Rønning Uleberg]], ''Nå pøses 332 leiligheter ut i markedet'', artikkel i [[Fædrelandsvennen]] 31. desember 2016, side 4-5
*Kommunedelplan for Hovden, tekstdelen, vedteke av [[Bykle kommunestyre]] [[27. februar 2014]]


[[Kategori:Bykle]]
[[Kategori:Bykle]]
[[Kategori:Tettsteder i Aust-Agder]]
[[Kategori:Tettsteder i Aust-Agder]]

Versjonen frå 7. mars 2017 kl. 11:40

Fil:Hovden 250616.JPG
Hovden sett frå Hartevatn.

Hovden er ein tettstad i Bykle kommune om lag 24 km nord for Bykle kyrkjebygd. Staden ligg nord for Hartevatnet og hadde eit folketal på 397 per 1. januar 2016. Dei fleste bur like sør for sentrum, i området aust for Riksveg 9. Hovden er eit senter for vintersport, staden har kulderekorden for Aust-Agder på 38,0 minusgrader målt 8. januar 1982. I helgene om vinteren fyllest hytter og hotell på Hovden med folk frå heile Agder som vil bruke skianlegga på Hovden Alpinsenter. I høgsesongen om vinteren kan det vere opp til 20 000 menneske som vitjar Hovden samtidig. Andre tilbod til turistar er Hovden Badeland & Spa og Hovden jernvinnemuseum.

Fritidsbustader

I 1977 var det om lag 700 hytter i heile Bykle kommune. I 2014 er det 2584 hytter i kommunen. Dei fleste ligg på Hovden, der det har det blitt etablert ei rekke hyttefelt. I sør ved Hartevatn ligg Solheimsmoen hyttefelt, deretter kjem ein til Badstogdalen hyttefelt og Hartevassnuten hyttefelt. Ved Hartevatn vest for sentrum ligg Otrosåsen hyttefelt. Nord for dette ligg Bestestøylen hyttefelt, Djupetjønn hyttegrend og Dyregrenda hyttefelt. Vidare oppover i vest ligg Fjellparken, Hovdenut Alpin, Hovden Alpin Lodge og Nystøyl hyttefelt. Aust for Riksveg 9 ligg Gumpelia hyttefelt, Marnar hyttefelt, Børtemannsbekken hyttefelt, Remestøylsfloti hyttefelt og Hovdeseter hyttefelt.

Skiløyper

Det er rundt 170 kilometer preparerte skiløyper og 34,2 kilometer slalåmløyper i Hovden-området.

Arrangement

Det er mange små og store arrangement på Hovden i løpet av året. Mellom dei største er Rekordfestivalen og Hovden Tour. Det store sykkelrittet Color Line Setesdal Tour har mål på Hovden.

Historie

Turisme

Utbetring av vegar var ein føresetnad for at turistane kunne komme fram, etter kvart med stadig meir hurtiggåande motorkøyrety. Turisme skapte etterspurnad om daglegvareartiklar, overnatting og etter kvart service av ymse slag. Den første krambua på Hovden opna i 1935. Furumo kafé, som har hatt fleire namn gjennom tidene, var ein av dei første serveringsstadene. Den eksisterer framleis.

1911 sette Kristiansand og Oppland Turistforening opp den første Hovdehytta. Det første høgfjellshotellet vart bygd i 1937. Det var stort og imponerande, og hadde bygd eige kraftverk i Otra for elektrisk forsyning. Men alt ni år seinare brann hotellet ned. Samstundes kom fleire gjesteheimar: Bjerkehytta/Soltoppen, Haugly (1954), og Hartvassbu (1950).

Etter 1965 skaut utviklinga på Hovden fart, og konturane av ei storstilt utbygging blei tydelegare. I 1967 opna det nye Hovden Høyfjellshotell. Året etter kom skiheisen. I 1971 kom Triangel Sportell. Hovden Appartementshotell er frå 1979, Badeland opna i 1990, osb.

Dei første private hyttene blei bygd i lia ved Hovdekleiva på slutten av 1950-tallet. Gumpen frå Kristiansand var ein av dei første. I 1970 var det framleis svært få private fritidsbustader.

Kjelder og eksterne lenker