Bjarne Wattne: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Evje nikkelverk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Kort om bok
Line 26: Line 26:


Då ein skulle feira [[Byglandsfjord 100 år]] i 1993, vart det samla inn svært mange av hans bilete til ei omfattande utstilling på Revsnes. Og i 2004 markera [[Rigmor Fjeldberg Bruseth]] og [[Ola Bruseth]] Revsnes sitt 40-års jubileum med ma. ei utstilling med bilete av Wattne og andre kunstmålarar som dei hadde samla på hotellet.
Då ein skulle feira [[Byglandsfjord 100 år]] i 1993, vart det samla inn svært mange av hans bilete til ei omfattande utstilling på Revsnes. Og i 2004 markera [[Rigmor Fjeldberg Bruseth]] og [[Ola Bruseth]] Revsnes sitt 40-års jubileum med ma. ei utstilling med bilete av Wattne og andre kunstmålarar som dei hadde samla på hotellet.
== Bok om Bjarne Wattne ==
Hausten 2016 gav dottera [[Randi Wattne Østerhus]] i samarbeid med [[Alf Georg Kjetså]] ut boka [[Bjarne Wattne. 1912-1983. Kunstmålar og Reklameteiknar]] om far sin.


==Kjelder==
==Kjelder==

Versjonen frå 19. januar 2017 kl. 11:57

Bjarne Wattne
Født: 12. november 1912
Død: 26. oktober 1983 (70 år)
Bjarne Wattne framføre måleriet av seglskuta Sørlandet.
Foto: Faksimile frå Agder Tidend, 1981.
I denne vesle hytta budde Bjarne Wattne frå 1963 til 1983.
Frå spisesalen på Revsnes Hotell. Over alle vindauga er der bilete med motiv frå Setesdal.
Foto: Reidar Tveito

Bjarne Wattne, som opphaveleg var frå Evje, døde 26. oktober 1983, nær 71 år gamal. Det var Setesdal som stod hans hjarta nærast, og i dalen er det mange heimar som har eit eller fleire av hans måleri hangande på veggen. Særleg på Revsnes Hotell pryder mange av hans måleri og friser den store spisesalen.

Oppvekst og utdaning

Bjarne Wattne vart fødd 12. november 1912 i Lårdal i Telemark, men kom til Evje berre 5 år gamal då far hans fekk arbeid som ingeniør på Evje nikkelverk. Alt i barneskulen kom hans kunstnarevner fram i form av vakre akvareller. Medelevane sette desse i glas og ramme, og dei heng truleg på veggen på evjeskulen ennå. Fyrste biletet laga han då han var 8 år gamal, og då han vart 10 år, fekk han kunstmålarartiklar av faren, som såg at guten hadde talentar og ville hjelpa han fram.

Etter gymnaset tok han til å studera på The City, og på Leeds College of Art i England, ei utdaning som varde i tri år. Her var det harde opptakskrav for å koma inn, og finansiering av studia måtte ein klara utan noko hjelp frå Staten. Etter opphaldet i England stod Tyskland, Nederland og Belgia for tur. Her livnærte han seg med ymse dekorasjonsoppgåver, og klara seg bra.

Tilbake til Noreg

Nå vart Wattne meir kjend då han vann ein plakatkonkurranse i Kristiansand, og vart tilsett i Bergen Annonsebyrå som teiknar. Etter ei tid vart han lei av å lage teikningar i svart-kvitt, og fekk så oppdrag med å lage dekorasjonar til ei riksmesse i Tromsø i 1952. I 7 månader drog han rundt i distrikta rundt Tromsø og måla natur- og gatemotiv, nå i fargar att. Måleria solgte bra, og deretter drog han rundt om i Noreg, og heldt seg i 4 år på Austlandet til han til sist kom attende til Setesdal.

Busette seg på Byglandsfjord

Bjarne Wattne busette seg fyrst på Bygland i eit par år, så nokre månader i Bykle innan han i 1963 fann si kunstnarhytte oppunder ToppfjelletByglandsfjord. Den vesle hytta låg i enden av ei gate som ennå ikkje har fått noko namn, så kvifor ikkje minnast Bjarne Wattne med eit gatenamn? I 1986, tri år etter at han døde, vart hytta riven, og grunnmurane forsvann seinare i samband med anlegg av eit nytt bustadfelt i 2008.

Wattne sette spor etter seg i Setesdal

Langt nord i dalen, i Bykle, har han dekorera Bykle Samyrkjelag, og i sør svinga han penslane inne i Evje kino. Dette bygget vart rive i 2013. Mange heimar i Setesdal og andre stader har bilete på veggane signera Wattne. Nokre måleri var var tinga på førehand med omsyn til motiv slik som portrettar, medan andre sikra seg måleri lenge før dei var ferdige frå hans hand. Endåtil hjå tannlækjar Kjetil Tednes (tidlegare Karl Magne Stien) i Kristiansand kan ein roe nervene med å sjå på Bjarne Wattnes målerier.

Setesdalskultur og natur på Revsnes Hotell

Av hans mange kunstverk rundt om, så er det på Revsnes ein kan sjå flest på ein gong. Då han fekk i oppgåve å dekorera spisesalen, vart valet nettopp setesdalsmotiv, i form av mindre friser til store målarverk i kraftige rammer. Her kan ein sjå motiv av Revsnes, Byglandsfjord, Landeeika, Fånefjell, Reiårsfossen, Hylestad, Einang, Rygnestadtunet, Byklestigen, Huldreheimen og mange andre stadar og motiv. Også seglskuta Sørlandet fekk plass på Revsnes. Eit meistarleg bilete som syner at han hadde ei stor spennvidde i sin kunst.

Dårleg helse vart eit hinder for kunstmålinga

Dei siste åra av sitt liv sette sjukdom stoppar for målarkunsten. Men han var ingen bitter mann av den grunn, for han meinte han hadde fått uttrykt det han ville med målinga. Om han var sjuk, så var han ikkje einsam. Han kom godt til med dei yngre i bygda, og var godt lika av alle.

Då ein skulle feira Byglandsfjord 100 år i 1993, vart det samla inn svært mange av hans bilete til ei omfattande utstilling på Revsnes. Og i 2004 markera Rigmor Fjeldberg Bruseth og Ola Bruseth Revsnes sitt 40-års jubileum med ma. ei utstilling med bilete av Wattne og andre kunstmålarar som dei hadde samla på hotellet.

Bok om Bjarne Wattne

Hausten 2016 gav dottera Randi Wattne Østerhus i samarbeid med Alf Georg Kjetså ut boka Bjarne Wattne. 1912-1983. Kunstmålar og Reklameteiknar om far sin.

Kjelder