Axel Sigfred Leween: Skilnad mellom versjonar
s Personmal lagt inn |
s Lenkefiks |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
Axel Leween kom med i heradstyret i [[Hornnes kommune]] i 1908. Med unnatak for åra 1920-1922 sat han i heradstyret til han døydde i 1946. Han var varaordførar 1917-1919, og orførar i to periodar frå 1935. | Axel Leween kom med i heradstyret i [[Hornnes kommune]] i 1908. Med unnatak for åra 1920-1922 sat han i heradstyret til han døydde i 1946. Han var varaordførar 1917-1919, og orførar i to periodar frå 1935. | ||
Olaf Kallhovd har skrive slik om Axel Leween sin store innsats som lokalpolitikar i Hornnes: '' - Det var jamn framgang på nær sagd alle umkverve i hans ordførartid... Ved dugleik og rettvise vann han vyrdnad og tiltry hjå alle parti, og dette gjorde mykje til at partistriden i denne tidi var mindre krass.'' | [[Olaf Kallhovd]], ein annan markant lokalpolitikar i Hornnes, har skrive slik om Axel Leween sin store innsats som lokalpolitikar i Hornnes: '' - Det var jamn framgang på nær sagd alle umkverve i hans ordførartid... Ved dugleik og rettvise vann han vyrdnad og tiltry hjå alle parti, og dette gjorde mykje til at partistriden i denne tidi var mindre krass.'' | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 19. januar 2015 kl. 10:13
| Axel Sigfred Leween | ||
|---|---|---|
| Født: | 18. februar 1875 | |
| Død: | 1946 (alder 70–71) | |
Axel Sigfred Leween (fødd 18. februar 1875, død 1946) var handelsmann og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Hornnes.
Leween kom opphaveleg frå Vestergøtland i Sverige. Han kom til Noreg som anleggsarbeidar i 1884. Han etablerte seg som landhandlar på Moisund i Hornnes i 1909. Her blei han gift med Mari G. Leween (fødd Moi).
Axel Leween kom med i heradstyret i Hornnes kommune i 1908. Med unnatak for åra 1920-1922 sat han i heradstyret til han døydde i 1946. Han var varaordførar 1917-1919, og orførar i to periodar frå 1935.
Olaf Kallhovd, ein annan markant lokalpolitikar i Hornnes, har skrive slik om Axel Leween sin store innsats som lokalpolitikar i Hornnes: - Det var jamn framgang på nær sagd alle umkverve i hans ordførartid... Ved dugleik og rettvise vann han vyrdnad og tiltry hjå alle parti, og dette gjorde mykje til at partistriden i denne tidi var mindre krass.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 431 og 441