Brokke Nord: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Brokke Sør
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng
Line 1: Line 1:
[[Fil:Skarg kraftstasjon Botsvatn Bykle 050915-2.jpg|miniatyr|høyre|Skarg kraftstasjon i austenden av Botsvatn. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Skarg kraftstasjon Botsvatn Bykle 050915-2.jpg|miniatyr|høyre|Skarg kraftstasjon i austenden av Botsvatn. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Dam Sarvsfoss Bykle 050915-2.jpg|miniatyr|høyre|Dam Sarvsfoss i [[Bykle kyrkjebygd]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Dam Sarvsfoss Bykle 050915-2-2.jpg|miniatyr|høyre|Dam Sarvsfoss i [[Bykle kyrkjebygd]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Brokke Nord''' var eit utbyggingsprosjekt i [[Otra|Otravassdraget]]. [[Otra Kraft]] fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, [[Bjørnarå (elv)|Bjørnarå]], [[Blautgrjotbekken]], [[Løyningsbekken]], [[Optestøylbekken]], [[Stemtjørnbekken]] og [[Bjorbekken]] vart førte over til [[Sarvsfossen|Sarvsfoss]] gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg [[dam Sarvsfoss]] for å demme opp for to inntaksmagasin til [[Skarg kraftverk]] i austenden av [[Botsvatn]]. Den eksisterande overføringstunnelen blei driftstunnel.  

Versjonen frå 25. april 2022 kl. 08:53

Skarg kraftstasjon i austenden av Botsvatn.
Dam Sarvsfoss i Bykle kyrkjebygd.
Foto: Geir Daasvatn

Brokke Nord var eit utbyggingsprosjekt i Otravassdraget. Otra Kraft fekk konsesjon til dette i 2004, men starta utbygginga først i 2012. Seks vassdrag, Bjørnarå, Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Optestøylbekken, Stemtjørnbekken og Bjorbekken vart førte over til Sarvsfoss gjennom ein 12,4 km lang tunnel. Det vart bygd ein 50 meter høg dam Sarvsfoss for å demme opp for to inntaksmagasin til Skarg kraftverk i austenden av Botsvatn. Den eksisterande overføringstunnelen blei driftstunnel.

10. oktober 2014 opna olje- og energiminister Tord Lien Brokke Nord. Utbygginga (saman med Brokke Sør) auka kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til 9000 bustader. I alt er det bygd nærare 20 km tunnellar og det er laga ni bekkeinntak.[1]

Strid med grunneigarane

Det er sju grunneigarar med fallrettar i området. Det er Torgeir Bjørnarå, Thor K. Lunden, Vidar Nomeland, Bjørg Brokka Rike, Svein Brokka, Birgit Hoslemo Brokka og Tor D. Lunden. Dei kravde overskjøn i Agder lagmannsrett då dei fann at tingretten si avgjerd hadde gjeve for lita erstatning. Agder Lagmannsrett gjorde om tingretten si avgjerd og gav grunneigarane medhald i at erstatninga måtte fastsetjast etter verdien ein kunne hatt om ein bygde småkraftverk. I januar 2008 kravde Otra Kraft overskjøn og anka saka til Høgsterett, som avgjorde at Agder lagmannsrett måtte handsame saka på nytt fordi skjønnsgrunnane var mangelfulle.[2]

Referansar

  1. Rune Øidne Reinertsen: Nå er gigantdammen ferdig. Artikkel i Fædrelandsvennen 10. oktober 2014 side 14
  2. Setesdølen nr. 78, 2010 side 12

Eksterne lenker