Brokke Sør
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brokke Sør var eit utbyggingsprosjekt i Otravassdraget 2012–2014. Det blei utført samstundes som Brokke Nord og Skarg kraftstasjon. Otra Kraft stod bak prosjektet. Veidekke var hovudentreprenør. Nomeland Anlegg var underentreprenør.
I Brokke Sør er det sprengt ut ein 7,3 km lang tunnel for å føre meir vatn til Brokke kraftverk. Vatnet kjem frå inntak i Strendetjørnbekken, Lisle Myklevatn og Fjellskarå. Den nye tunnelen er kopla saman med den eksisterande tunnelen ved Faråne i Brokke. I tillegg er det laga ein tunnel på 750 meter for å overføre Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn.
Tunnelane i Brokke Sør er 15 kvadratmeter store, omtrent 3,5 m breie og 4,5 m høge. Massen frå tunnelane er lagt i fleire tippområde tilpassa terrenget.
Kjelder
- Otra Kraft, Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk