Bjørg Brokka Rike

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørg Brokka RikeSymbol confirmed.svg
Født: 20. februar 1951 (70 år)

Bjørg Brokka Rike (fødd 20. februar 1951) er sjukepleiar i Valle kommune. Ho har også vore aktiv i politikken for Senterpartiet og vart vald inn i Valle kommunestyre i 1987. Frå 1991 til 1995 sat ho på fylkestinget, før ho vart vald inn att i Valle kommunestyre i 1999 og sat der i to periodar. Ved kommunevalet 2007 takka ho nei til å stå på lista.

Foreldrene til Bjørg Brokka Rike var Dreng Brokka og kona Ingebjørg Rygnestad Brokka.

Ho var gift med Magne Rike, som døydde 4. januar 2012. Sønene deira er Dagfinn Brokka Rike, Ingmar Brokka Rike og Paal Brokka Rike.

Kjelde[rediger]