Hornnes bygdesogenemnd: Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivemåten i nemnd |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Siste versjonen frå 29. oktober 2019 kl. 07:15
Hornnes bygdesogenemnd vart vald av Hornnes kommunestyre i 1924, og fekk i oppdrag å samle inn pengar og historisk tilfang, og syte for å få skrive ei bygdesogebok for Hornnes. Boka kom i 1969.
Nemnda hadde i byrjinga tre medlemer: Olav A. Fennefoss, Notto J. Hornnes og Olav O. Uleberg (formann). I 1928 døydde Notto J. Hornnes. I staden for han kom rektor ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, med i nemnda. Danielsen gjorde et svært arbeid og fikk satt opp eit manuskript om ættene på kvar gard i bygda. Men han flytta frå bygda då han vart pensjonist i 1953, og vart oppteken med å skrive bygdesoge for si eiga heimbygd. I hans stad vart Torgeir Abusdal vald inn i nemnda.
Torgeir Abusdal døydde i 1964. Etter dette var det bare to medlemer i nemnda. I samråd med den andre, Olav A. Fennefoss, arbeidde då Olav O. Uleberg vidare med boka. Og endeleg - i 1969, 45 år etter at nemnda byrja på arbeidet - kunne Hornnes bygdesogenemnd gje ut Hornnes I, Gards- og ættesoge.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd 1969, føreordet
- Torbjørn Hansen, Ei bygdesoge vert til - Et intervju med Olav O. Uleberg, Jol i Setesdal, 1969, s. 14-15