Hopp til innhald

Bjelland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bildetekst
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Bjelland 140117 (1).jpg|miniatyr|høyre|Bjelland sentrum sett nordover frå [[Bjelland kyrkje]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Bjelland''' er ein tidligare kommune i [[:no:Vest-Agder|Vest-Agder]]. Han blei oppretta som eigen kommune første gang i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune. I 1962 vart Bjelland kommune slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen [[Marnardal]].

== Bjelland grensar til Hornnes ==
== Bjelland grensar til Hornnes ==
[[Fil:Roland Bjelland 250316.JPG|miniatyr|høyre|Roland i Bjelland. Eit stykke nordover, bak åsane, ligg [[Abusland]] og Kalland i Hornnes. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Roland Bjelland 250316.JPG|miniatyr|høyre|Roland i Bjelland. Eit stykke nordover, bak åsane, ligg [[Abusland]] og Kalland i Hornnes. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
Bjelland grensar til [[Hornnes]], og i eldre tider var det mykje meir samkvem mellom dei to bygdene enn det er i dag. [[Kalland (Evje og Hornnes gnr. 30)|Kalland]] er nabogard til [[Roland (Bjelland)|Roland]] i Bjelland. I gamal tid gjekk det etter alt å døme ein rideveg over Kallandsheia til Roland, og derfrå vidare til Harkmark ved [[:no:Mandal|Mandal]]. Tradisjonen fortel at folk frå [[Råbyggelaget]] brukte denne vegen når dei skulle til Harkmark, der det var stor hamn før [[:no:Kristiansand|Kristiansand]] blei grunnlagt.<ref>[[Magnus Breilid]], ''[[Kultursoga for Bjelland og Grindheim]]'', utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 50</ref>

Versjonen frå 16. januar 2017 kl. 01:05

Bjelland sentrum sett nordover frå Bjelland kyrkje.

Bjelland er ein tidligare kommune i Vest-Agder. Han blei oppretta som eigen kommune første gang i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune. I 1962 vart Bjelland kommune slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen Marnardal.

Bjelland grensar til Hornnes

Roland i Bjelland. Eit stykke nordover, bak åsane, ligg Abusland og Kalland i Hornnes.
Foto: Geir Daasvatn

Bjelland grensar til Hornnes, og i eldre tider var det mykje meir samkvem mellom dei to bygdene enn det er i dag. Kalland er nabogard til Roland i Bjelland. I gamal tid gjekk det etter alt å døme ein rideveg over Kallandsheia til Roland, og derfrå vidare til Harkmark ved Mandal. Tradisjonen fortel at folk frå Råbyggelaget brukte denne vegen når dei skulle til Harkmark, der det var stor hamn før Kristiansand blei grunnlagt.[1]

Det blir også fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane på heia mellom Espetveit og Kalland når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjende vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.[2]

Den kjende skribenten i Hornnes, Torgeir Fennefoss (1894-1960), har skrive ei fin historie om korleis samkvemet med bjelldølane kunne gå føre seg. Stykket heiter På konfirmasjonstur til Bjelland - Ei sannferdug soge om 3 ungkarar på skjørtejakt, og er trykt i Arnstein 2010, side 41-42.

Kjelder

Referansar

  1. Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 50
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 278