Bjelland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Om samkvem med Hornnes
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt meir om samkvemet Bjelland/Hornnes
Line 5: Line 5:

Det blir også fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved [[Bispestolane]] på heia mellom Espetveit og Kalland når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjende vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 278</ref>

Den kjende skribenten i [[Hornnes]], [[Torgeir Fennefoss]], har skrive ei fin historie om korleis samkvemet med bjelldølane kunne gå føre seg. Stykket heiter ''På konfirmasjonstur til Bjelland - Ei sannferdug soge om 3 ungkarar på skjørtejakt''. Soga er trykt i [[Arnstein 2010]], side 41-41.

== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 13. januar 2017 kl. 10:22

Bjelland er ein tidligare kommune i Vest-Agder. Han blei oppretta som eigen kommune første gang i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune. I 1962 vart Bjelland kommune slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen Marnardal.

Bjelland grensar til Hornnes

Bjelland grensar til Hornnes, og i eldre tider var det mykje meir samkvem mellom dei to bygdene enn det er i dag. Kalland er nabogard til Roland i Bjelland. I gamal tid gjekk det etter alt å døme ein rideveg over Kallandsheia til Roland, og derfrå vidare til Harkmark ved Mandal. Tradisjonen fortel at folk frå Råbyggelaget brukte denne vegen når dei skulle til Harkmark, der det var stor hamn før Kristiansand blei grunnlagt.[1]

Det blir også fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane på heia mellom Espetveit og Kalland når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjende vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.[2]

Den kjende skribenten i Hornnes, Torgeir Fennefoss, har skrive ei fin historie om korleis samkvemet med bjelldølane kunne gå føre seg. Stykket heiter På konfirmasjonstur til Bjelland - Ei sannferdug soge om 3 ungkarar på skjørtejakt. Soga er trykt i Arnstein 2010, side 41-41.

Kjelder

Referansar

  1. Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 50
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 278