Skilnad mellom versjonar av «Kotedekkan»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kotedekkan Skomedal)
 
s (→‎= Kjelder: rettet skrivefeil)
Line 6: Line 6:
Litt lenger nord enn gravrøysa, midt i campingplassen, er det registrert eit felt med minst ni rydningsrøyser. Dateringa er uviss.  
Litt lenger nord enn gravrøysa, midt i campingplassen, er det registrert eit felt med minst ni rydningsrøyser. Dateringa er uviss.  


== Kjelder =
== Kjelder ==
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 2009, side 321
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', utgjeve av [[Bygland bygdesogenemnd]], 2009, side 321


[[Kategori:Stadnamn i Bygland]]
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]]

Versjonen frå 24. oktober 2016 kl. 23:02

Kotedekkan er ein stad på Skomedal i Bygland, mellom Storstraumen og Stigemo på vestsida av Byglandsfjorden. Tidlegare var det ein campingplass med campinghytter her. Endå mykje tidlegare må området ha vore ein del av den gamle garden Straumsland, og etter det støylsområde under Nordre Skomedal.

Fornminne

Ca. 160 meter sør for Riksveg 9, ved ei vik 10 meter frå fjorden, ligg det ei gravrøys, ei såkalla åsrøys. Røysa er datert til jernalderen (før år 1050). Men etter at gravrøysa på Nånesodden litt lenger sør i fjorden er blitt tidfesta til yngre bronsealder, er det vel mogeleg at fleire av dei andre gravrøysene rundt Byglandsfjorden også er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Litt lenger nord enn gravrøysa, midt i campingplassen, er det registrert eit felt med minst ni rydningsrøyser. Dateringa er uviss.

Kjelder