Det Sæthersdalske Kobberværk: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Det Sætherdalske Kobberverk - ein start
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Korleis det starta: litt mer om oppstarten
Line 2: Line 2:


== Korleis det starta ==
== Korleis det starta ==
Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheiane. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.<ref>[[Johan Christian Frøstrup]] m.fl, ''[[Vandringer i Setesdal Austhei]]'', Friluftsforlaget, 2014, s. 322</ref>  
Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheia. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.<ref>[[Johan Christian Frøstrup]] m.fl, ''[[Vandringer i Setesdal Austhei]]'', Friluftsforlaget, 2014, s. 322</ref>
 
Ein av dei eventyrarane som prøvde seg på koparutvinning i Straumsheia, var Ole Olsen Sangesand. Han bygde ein smelteovn inne ved Straumsfjorden i 1823, og klarte å utvinne nokre få kilo med kopar. Denne koparen reiste han til Kristiansand for å selje. Han kom der i kontakt med handelshuset Reinhardt og eigaren Gottlob Ferdinand Reinhardt. Reinhardt fekk vite kor koparen kom frå, og sikra seg då rettane til fleire gruver og skjerp inne i Straumsheia.<ref>[[Bjarne Nordgarden]], ''Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne'', artikkel i [[Jol i Setesdal]], 1998, s. 6</ref>
 
Fagfolk granska koparførekomstane i Straumsheia i 1825 og 1843. Th. Scheerer, lektor i metallurgi ved Universitetet i Christiania, meinte etter undersøkingane i 1843 at malmen var drivverdig, sjølv om koparinnhaldet var mykje mindre enn ein tidlegare hadde trudd. Særleg malmen i [[Amalie gruve]] og [[Gamle gruve]] inneheldt mykje feltspat. Denne var lett å smelte, og kunne såleis gje eit godt økonomisk utbytte. Den optimistiske rapporten til Th. Scheerer fekk Reinhardt sette i gang med gruvedrift i Straumsheia og smelteverk i Åraksbø.<ref>Bjarne Nordgarden, ''Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne'', s. 7</ref>


== Referanser ==
== Referanser ==
<references />
<references />

Versjonen frå 3. januar 2015 kl. 08:29

Det Sætherdalske Kobberværk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845-1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Industrieventyret - som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie - enda med dundrande konkurs.

Korleis det starta

Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheia. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.[1]

Ein av dei eventyrarane som prøvde seg på koparutvinning i Straumsheia, var Ole Olsen Sangesand. Han bygde ein smelteovn inne ved Straumsfjorden i 1823, og klarte å utvinne nokre få kilo med kopar. Denne koparen reiste han til Kristiansand for å selje. Han kom der i kontakt med handelshuset Reinhardt og eigaren Gottlob Ferdinand Reinhardt. Reinhardt fekk vite kor koparen kom frå, og sikra seg då rettane til fleire gruver og skjerp inne i Straumsheia.[2]

Fagfolk granska koparførekomstane i Straumsheia i 1825 og 1843. Th. Scheerer, lektor i metallurgi ved Universitetet i Christiania, meinte etter undersøkingane i 1843 at malmen var drivverdig, sjølv om koparinnhaldet var mykje mindre enn ein tidlegare hadde trudd. Særleg malmen i Amalie gruve og Gamle gruve inneheldt mykje feltspat. Denne var lett å smelte, og kunne såleis gje eit godt økonomisk utbytte. Den optimistiske rapporten til Th. Scheerer fekk Reinhardt sette i gang med gruvedrift i Straumsheia og smelteverk i Åraksbø.[3]

Referanser

  1. Johan Christian Frøstrup m.fl, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, s. 322
  2. Bjarne Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne, artikkel i Jol i Setesdal, 1998, s. 6
  3. Bjarne Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne, s. 7