Hopp til innhald

Myglevatn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Kort om veg inn til vatnet + kart
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til et par kategorier
 
(10 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Myglevatn''' er eit vatn i [[Kosåna|Kosånavassdraget]] på heia heilt sør-vest i [[Evje og Hornnes]], på grensa mot [[Marnardal]] i [[Vest-Agder]]. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg [[Øyvatnet]], og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre [[Myglefossen]]. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i [[Mandalselva]] ved Foss i Bjelland.
[[Fil:Myglevatn Hornnes 281015.jpg|miniatyr|høyre|Myglevatn sett frå nord mot sør. Utfallsosen til Kosåna i framgrunnen. I andre enden av vatnet er ein over i Marnardal kommune. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Myglevatn''' er eit vatn i [[Kosåna|Kosånavassdraget]] på heia heilt sør-vest i [[Evje og Hornnes]], på grensa mot [[Marnardal]] i [[Vest-Agder]]. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet er om lag 0,8 kvadratkilometer stort, og ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg [[Øyvatnet]], og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre [[Myglefossen]]. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i [[Mandalselva]] ved Foss i [[Bjelland]].


Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå Roland i Bjelland.
Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå [[Roland (Bjelland)|Roland]] i Bjelland. Strendene rundt vatnet har i «alle» år vore ein populær utfartsstad.
 
== Historie ==
Det er funne minst tre steinalderlokalitetar/buplassar ved Myglevatn, og mange fleire lenger nordover i Kosånavassdraget. Her var det altså eit folkeliv å rekne med alt for 4-5000 år sidan. Funna frå steinalderen langs Kosånavassdraget er mellom dei eldste i Evje og Hornnes.
 
I mange år, frå ein gong på 1930-talet til ut i dei første 1950-åra, var det religiøse sommarstemne i sørenden av Myglevatnet. Det var då vanleg at mange honndølar kom over heia frå [[Abusland]] og [[Abusdal]] for å vere med saman med bjelldølane.
 
Distriktslege Alf Lange kom med familien til [[Foss]] i Bjelland i 1904. Han bygde hytte (fleire bygningar) på vestsida av Myglevatnet. Sonen [[Anders Lange]], grunnleggaren av Anders Langes Parti - forlauparen til Fremskrittspartiet, overtok eigedomen i 1930, etter at faren var død. Familien Lange hadde eigedomen til ut på 1980-talet. Staden var mykje brukt, og mange interessante personar skal ha vore på besøk opp gjennom åra.   
 
== Kjelder ==
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 24 og 31
*Knut E. Ljosland, ''Med historiens vinder over Myglevannet i Bjelland'', artikkel i [[Marnar-minner 2017]], side 47-64


== Kart ==
== Kart ==
Line 7: Line 19:


[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Vatn i Marnardal]]
[[Kategori:Hornnes]]
[[Kategori:Bjelland]]

Siste versjonen frå 20. januar 2020 kl. 00:28

Myglevatn sett frå nord mot sør. Utfallsosen til Kosåna i framgrunnen. I andre enden av vatnet er ein over i Marnardal kommune.

Myglevatn er eit vatn i Kosånavassdraget på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes, på grensa mot Marnardal i Vest-Agder. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet er om lag 0,8 kvadratkilometer stort, og ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg Øyvatnet, og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre Myglefossen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.

Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå Roland i Bjelland. Strendene rundt vatnet har i «alle» år vore ein populær utfartsstad.

Historie

Det er funne minst tre steinalderlokalitetar/buplassar ved Myglevatn, og mange fleire lenger nordover i Kosånavassdraget. Her var det altså eit folkeliv å rekne med alt for 4-5000 år sidan. Funna frå steinalderen langs Kosånavassdraget er mellom dei eldste i Evje og Hornnes.

I mange år, frå ein gong på 1930-talet til ut i dei første 1950-åra, var det religiøse sommarstemne i sørenden av Myglevatnet. Det var då vanleg at mange honndølar kom over heia frå Abusland og Abusdal for å vere med saman med bjelldølane.

Distriktslege Alf Lange kom med familien til Foss i Bjelland i 1904. Han bygde hytte (fleire bygningar) på vestsida av Myglevatnet. Sonen Anders Lange, grunnleggaren av Anders Langes Parti - forlauparen til Fremskrittspartiet, overtok eigedomen i 1930, etter at faren var død. Familien Lange hadde eigedomen til ut på 1980-talet. Staden var mykje brukt, og mange interessante personar skal ha vore på besøk opp gjennom åra.

Kjelder

Kart

Laster kart ...