Farmo: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
Oppdatert etter eigarskifte |
||
| (5 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Farmo 011012.JPG|miniatyr|høyre|Farmo [[1. oktober 2012]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Farmo''' er eit lite småbruk på om lag 10 daa i [[Hornnes]], frådelt frå garden [[Faret]] i 1934. Husa på eigedomen, våningshus og ein låvebygning, er sett opp i 1935. Første eigar var [[Tomas Daasvatn (1896)|Tomas Daasvatn]], fødd 1896. Han var gift med [[Berte Daasvatn]] (fødd 1900 på [[Flystveit]] i [[Åseral]]). Tomas var målar i Hornnes og [[Evje]] i ei årrekkje. Han døydde i 1977. | '''Farmo''' er eit lite småbruk på om lag 10 daa i [[Hornnes]], frådelt frå garden [[Faret]] i 1934. Husa på eigedomen, våningshus og ein låvebygning, er sett opp i 1935. Første eigar var [[Tomas Daasvatn (1896)|Tomas Daasvatn]], fødd 1896. Han var gift med [[Berte Daasvatn]] (fødd 1900 på [[Flystveit]] i [[Åseral]]). Tomas var målar i Hornnes og [[Evje]] i ei årrekkje. Han døydde i 1977. | ||
Etter Tomas J. Daasvatn overtok sonen [[Arne Daasvatn]] eigedomen. Arne var distriktstannlækjar i [[Evje og Hornnes]] frå 1975 til 1997. Arne døydde i 1999. Sonen [[Geir Daasvatn]] overtok då eigedomen. I 2013 selde Geir eigedomen til [[Vegard Nicolaysen]], som er son til Geir sin sambuar [[Rita Flottorp]]. Vegard | Etter Tomas J. Daasvatn overtok sonen [[Arne Daasvatn]] eigedomen. Arne var distriktstannlækjar i [[Evje og Hornnes]] frå 1975 til 1997. Arne døydde i 1999. Sonen [[Geir Daasvatn]] overtok då eigedomen. I 2013 selde Geir eigedomen til [[Vegard Nicolaysen]], som er son til Geir sin sambuar [[Rita Flottorp]]. Vegard budde på det lille småbruket, saman med kona [[Mirjam Nicolaysen]] og dei to sønene deira Anders og Tobias, til 2020. Då selde han bruket tilbake til Geir og Rita. Familien flytta til [[Kirkenes]]. | ||
I 2026 kom Vegard og Mirjam tilbake og overtok Farmo igjen. Rita og Geir flytta til [[Hornåsen]]. | |||
== Historie == | |||
«Faremonen» låg opphaveleg innanfor grensene til Hornnes-garden (bruket [[Haugen (Evje og Hornnes gnr. 15/10 mfl.)|Haugen]]). I 1793 blei ein gamal bruksrett Faret hadde hatt i Hornnes-garden løyst ut, mot at Faret i staden fekk nokre skogstykke. Mellom desse var Faremonen. | |||
== Kjelder == | |||
*Elektronisk grunnbok hos Kartverket | |||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', 1969, side 350 | |||
[[Kategori:Småbruk i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Småbruk i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | [[Kategori:Hornnes]] | ||
Siste versjonen frå 17. august 2026 kl. 07:56
Farmo er eit lite småbruk på om lag 10 daa i Hornnes, frådelt frå garden Faret i 1934. Husa på eigedomen, våningshus og ein låvebygning, er sett opp i 1935. Første eigar var Tomas Daasvatn, fødd 1896. Han var gift med Berte Daasvatn (fødd 1900 på Flystveit i Åseral). Tomas var målar i Hornnes og Evje i ei årrekkje. Han døydde i 1977.
Etter Tomas J. Daasvatn overtok sonen Arne Daasvatn eigedomen. Arne var distriktstannlækjar i Evje og Hornnes frå 1975 til 1997. Arne døydde i 1999. Sonen Geir Daasvatn overtok då eigedomen. I 2013 selde Geir eigedomen til Vegard Nicolaysen, som er son til Geir sin sambuar Rita Flottorp. Vegard budde på det lille småbruket, saman med kona Mirjam Nicolaysen og dei to sønene deira Anders og Tobias, til 2020. Då selde han bruket tilbake til Geir og Rita. Familien flytta til Kirkenes.
I 2026 kom Vegard og Mirjam tilbake og overtok Farmo igjen. Rita og Geir flytta til Hornåsen.
Historie
«Faremonen» låg opphaveleg innanfor grensene til Hornnes-garden (bruket Haugen). I 1793 blei ein gamal bruksrett Faret hadde hatt i Hornnes-garden løyst ut, mot at Faret i staden fekk nokre skogstykke. Mellom desse var Faremonen.
Kjelder
- Elektronisk grunnbok hos Kartverket
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 350