Håtveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Husa på garden i 2015.
Håtveit.
Foto: Geir Daasvatn

Håtveit er ein gard (gnr. 68) aust i Evje og Hornnes kommune, omlag 13 kilometer aust for Evje sentrum. Mot vest grensar garden mot Kleveland, mot aust mot Lislevand. I nord ligg Vikstøl. Det går ein bratt, men fin skogsbilveg (bomveg) fram til garden frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen]. Det er ikkje fast busetnad på garden lenger. Men husa på garden er haldne i god stand, og eigedomen er i bruk som fritidsbustad. Drosefjellet ligg på Håtveit-grunn.

Håtveitfossen i Håtveitåna, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet, høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdskrigen. På slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...