Hallvard B. Haugen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard B. Haugen
Hallvard B Haugen.jpg
Foto: Nils Bjelland
Født: 1896
Død: 1971 (alder 74–75)

Hallvard B. Haugen (1896-1971) var kyrtkjetenar i Valle kyrkje i periodane 1939 - 49 og 1951 - 65. Nils Bjelland var ofte med han i tårnet, ringde til gudstenester og ringde og kima inn høgtider. Han fortel

SitatDet var ikkje noko signalanlegg mellom kyrkja og tårnet. Når Haddvår skulle slå 3x3 slag etter klokkarbøna på slutten av gudstenesta, sto han klar på trevet, der trappa opp til tårnet startar - og når Sverre (Lund,klokkar) gjekk fram for å lese: «Herre. Vi takkar deg for at du har lært oss kva du vil vi skal gjere...», tok Haddvår til å gå opp i tårnet. Han hadde eit vers eller bøn han las inni seg, og når han då kom opp i tårnet og verset var lese kom dei 3x3 slaga, med perfekt timing! Han fortalde at klokkekoven slitna frå klokka ei gong, det var nok før hans tid. Heldigvis for koven ut i tårngluggen mot vest og landa utan å treffe nokon framom kyrkjetrappa. Hadde koven fare ut når klokka svinga mot aust, kunne det ha gått skikkeleg gale med kyrkjetenaren! Haddvår var som nemnt kyrkjetenar i mange år. Han brukte aldri høyrselsvern, og vart vel noko høyrselsskada med åra! Sitat
– Nils Bjelland

Kjelde

  • Post av Nils Bjelland på Facebooksida Bilder av Bykle og Valle i gamle dager 6. mars 2020 klokka 11.07