Vårcupen 2015

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det var litt av eit folkeliv på Evje stadion under cupen.

Vårcupen 2015 (Europris Vårcup 2015) var ei fotballturnering for jenter og gutar 8-12 år på EHbanen ved Evje stadion lørdag 18. april 2015. Arrangør var Otra IL fotballgruppa. Turneringsleiar var Pål Danielsen. Han hadde hjelp frå ein stor dugnadsgjeng på opp mot 100 personar for å få gjennomført arrangementet.

87 lag frå Valle i nord, Flekkefjord i vest og Grimstad i aust deltok. Det blei spelt 174 kampar frå klokka 0900 til klokka 1920. 698 spelarar var med. Det var meir enn dobbelt så mange som i 2014, då rundt 300 born spelte. Eit overslag er at omlag 1500 menneskje var innom Evje stadion denne dagen.

Det var fjerde året og femte gongen fotballgruppa i Otra IL arrangerte turneringa, som starta som ei lita miniturnering i 2012.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Leiar i fotballgruppa i Otra IL Geir Daasvatn
  • Kampoppsettet for turneringa

Eksterne lenker[rediger]